tirsdag 24. november 2009

Island - neste?

I heile 2009 har Selskapet lese litteratur frå Danmark og hatt mange kjekke samtalar om bøkene. Vi kunne sikkert ha halde fram med å lese dansk litteratur, men etter å ha grunna litt omkring dette har no Selskapet bestemt seg for å lese islandsk i 2010. Neste bok blir difor Kristín Marja Baldursdòttir: Måkelatter. Bøkene er tinga inn frå vårt framifrå biblioteknettverk, så snart er det tid for å la alle juleførebuingar segle sin eigen sjø og berre lese og nyte!

Neste møte vert den 28. januar 2010 kl. 19.00 på Meland bibliotek. Til dei som gjerne vil vere med i denne lesesirkelen: ta kontakt med biblioteka for meir informasjon eller møt opp på neste møte! De skal vere hjarteleg velkomne!

mandag 23. november 2009

Er lærarar ein særskild rase?

Ja, det var eit av spørsmåla som vart lufta då Selskapet igjen hadde møte. Vi hadde tenkt oss ei bok med litt humør og humor, men sjølv om fleire trakk på smilebandet i starten, vart det mykje mindre latter etterkvart som forteljinga gjekk sin gong. For liknande mishandling og trakasering som desse gutane i Latinskulen opplevde vart rystande lesing for alle. Skuleromanar vert stadig lesne sikkert av mange grunnar, men kanskje helst av di vi kjenner oss att. Alle har vi gått på skulen, alle har sine minne frå møte med lærarar og elevar. Dei gode minna er kanskje dei meir utydelege, medan dei rare og vonde minna er svært så levande hos både den eine og den andre. Boka Det forsømte forår kom ut i 1940, den har sidan kome ut i stadig nye opplag og har heile tida hatt høge salstal. Kvifor det? Espen Haavardsholm har skrive eit etterord i ein av utgåvene (1970) der skriv han m.a. ...En årsak er at Scherfig er en fremragende satirisk forteller, som ned til minste detalj behersker sine egne virkemidler. En annen årsak til bokas grep om stadig nye generasjoner av unge lesere, kan være at dagens skole - tross alle reformer - ikke er så forskjellig fra gårsdagens latinskole som moderne skolefolk her i Skandinavia gjerne vil ha det til... Tja kanskje det? Vi snakka om dei ulike personane i boka og var samde om at det var nok dama i kiosken ved Landemerket som var den mest sympatiske vaksne. Fleire undra seg over kva for gleder desse lærarane eigentleg hadde, når dei kunne få seg til å dunke elevane i hovudet? Var det tapet av alle dei forsømde vårane som hadde gjort dei slik? Kven veit, her er det mykje forvitneleg å tenkje på....

onsdag 7. oktober 2009

Litt humor i november?

Vår reise i den danske litteraturen har for det meste vore på den bittersøte, melankolske og tragiske skalaen. På siste møte kom det fram eit inderleg ønskje om litt humor! For våre danske venner er då slett ikkje nokre hengehover og sjølv om vi ikkje skjønar alt dei ler av, så hender det at nordmenn dreg på smilebandet saman med danskane. Difor har vi vald Hans Scherfig sin klassikar Det forsømte forår . Denne boka er det og laga film av, men kanskje nokre filmar blir best inne i vårt eige hovud?
Neste gong Selskapet samlast er vi komne til den 19. november framleis er tida kl.19.00 og staden er Lindås folkeboksamling i Knarvik. Vel møtt!

tirsdag 29. september 2009

"Ho var litt på hi sia av fornuften"


Den lukkede bok var lesen og på møtet den 24. september hadde alle dei åtte frammøtte meiningar om boka, "heltinna" og tida boka refererte til. Frederikke veks opp i ei besteborgarleg verd der det er tronge rammer for kva som høver seg og kva som er upassande. Søstera Helena bryr seg ikkje så mykje om slike ting og er ei som Frederikke både ser opp til og blir noko skremt av. Frederikke er forlova med Christian, men etter å ha møtt Frederik Faber, søstera hans Amalie og kretsen rundt dei der vi både treffer målaren Krøier og Georg Brandes, får ho auga opp for at livet kan innehalde så mykje meir enn det ho til no har sett. Frederikke forelskar seg i Frederik og når han tilbyr ho ekteskap på gjensidig, venskapeleg grunnlag, bryt ho forlovinga med Christian. Ho let ikkje forstanden ta innover seg at det ikkje er eit vanleg ekteskap Frederik tilbyr, men kaster seg inn i dette nye utan å tenkje over kva det vil bety. Det blir eit ekteskap med mange usagte tankar og kjensler, langt i frå noko "happy ending" - og her tok Selskapet av: - for kor mykje forstod Frederikke av dette ekteskapstilbodet? Kor mykje hadde ho mogelegheit til å forstå? Er det Frederik som utnyttar Frederikke si totale mangel på realitetsforståing? Ei heller tafatt heltinne, som gjer nokre katastrofale val, meinte nokon, medan andre nok hadde meir omsut for Frederikke sin naive haldning til livet.

fredag 31. juli 2009

Når vi kjem til september...

Selskapet heldt fast ved planen om å lese dansk litteratur i 2009 og boka til neste møte er Den lukkede bok av Jette Kaarsbøl. Det er framleis god tid til å lese boka for neste møte er ikkje før 24. september kl.19.00Meland bibliotek. God lesing!

mandag 22. juni 2009

Rødby - Puttgarden

Det vil nok gå greit å lese denne, sa eg før vi starta på boka Rødby - Puttgarden av Helle Helle. Det var før nokon i Selskapet hadde lese boka og før nokon hadde prøvd å finne ut kva den handla om. Kva skjer eigentleg i denne boka? Søstrene Tine og Jane bur saman i Rødby og begge arbeider på ferjene mellom Rødby-Puttgarden i parfymeriet. Den yngste, Jane er ei skikkeleg jente, medan den eldre søstra er meir som ei villgeit - i følgje ei i Selskapet. Tine har ei dotter, Ditte som må passast av naboar og kjende når søstrene er på jobb og folk trår til og hjelper kvarandre. Vi undra oss over dette lille barnet, som aldri grein, alltid spiste maten sin, sovna og i det heile var eit uvanleg roleg barn. Søstrene derimot er stadig på farten, går og går med barnevogna hit og dit, møter underlege personar som er ein sjølvsagt del av deira lille verd. Jane blir med Abel, ein mann ho møter i parfymeriet, til Tyskland og vi vona alle at her ville ho finne kjærleiken, men, nei. Abel er gift og sjølv om han seier at han nesten ikkje ser kona si, reiser han straks heim når han får melding om at ho er sjuk. Jane derimot blir igjen i Tyskland og reiser først heim etter nokre dagar, kvifor blir ho igjen? Det var fleire av oss som hadde lese boka for ei stund sidan og trengte litt oppfrisking både om hendingar og personar og då skjer det dette merkelege og kjekke: Boka kjem fram i eit nytt lys. Den stille humoren, dei korte tørre setningane får tyngd og blir viktige på ei ny måte. Det er fleire sider ved denne boka enn ein skulle tru og kanskje skulle vi lese ho ein gong til, høgt til og med?

mandag 18. mai 2009

Siste møte før sommarferien!

Vi er no så leseivrige at vi har klart å klemme inn eit møte til før ferien tek over. Den 18. juni kl.19.00 treffast vi på Lindås folkeboksamling i Knarvik for å snakke om
Helle Helle si bok Rødby - Puttgarden. For denne boka fekk forfattaren den danske kritikarprisen i 2005. Boka er ikkje på så mange sider, så dette bør gå greitt. Vel møtt!

Er det farleg å vere bestemor?

Selskapet var samla på Meland bibliotek for å snakke om boka Kunsten å gråte i kor. Mai er ein kritisk månad når det gjeld utanomlitterærere hendingar, difor kunne ikkje fleire av deltakarane møte, men nye kom til - så talet på frammøtte var ikkje dårleg! Denne gongen hadde alle lese boka, nokon hadde til og med sett filmen, men som i dei aller fleste tilfella - boka var best! Det er eit underleg persongalleri vi møtter i Kunsten å gråte i kor. Det er Alan på elleve år som fortel på sin einfaldige men, likevel analytiske måte. Ein far som resten av familien må sørge for er glad, for elles får han nervar og må gå og leggje seg. Alan veit at ingenting er så godt som når far får liggje på sofaen med søstera, då er han glad lengje. Eller når han får tale i ei gravferd slik at alle gret. Men når det er lengje sidan det har vore ei gravferd, kanskje nokon må hjelpe til slik at det vert ei gravferd igjen? Då vi kom til dette punktet var det ei i gruppa som sa: når ungar finner på å myrde bestemora si, då må ein verkeleg begynne å lure! Det var fleire som lurte på kor mange barnebarn ho hadde og om ho no frykta for livet sitt? Men, nei, denne dama hadde berre snille barnebarn, så det skulle nok gå bra!
Boka handlar om familieforhold og kor vanskelege desse kan vere. Faren som brukar all sin kraft på å halde på makta, den som styrer og bestemmer og som alle må rette seg etter. Mora som ser ein annan veg når overgrepa skjer. Storebroren som har reist så fort han kunne komme vekk, men som kjem heim og trugar faren til å slutte å forgripe seg på søstera. Søstera som dreg seg lengre og lengre inn i seg sjølv og til slutt ender på psykiatrisk klinikk og Alan som vil at det skal vere orden i familien og går lina heilt ut. Barn er utruleg lojale mot foreldra sine, dei fortener det ikkje, men barn let ikkje mor og far i stikken, det burde dei kanskje?

onsdag 15. april 2009

Kunsten å gråte i kor

Selskapet heldt fram med å lese seg inn i den danske verda! Til neste møte som er på Meland bibliotek tysdag den 5. mai kl.19.00 skal vi lese Kunsten å gråte i kor av Erling Jepsen. Dei som av ein eller annan grunn ikkje får tid til å lese boka, kan redde seg ved å sjå filmen! - og dei som har tid kan faktisk gjere begge delar. Så no er det berre å finne ein lun krok i vårsola med teppe, appelsin og kaffe og unne seg nokre herlege timar!

fredag 27. mars 2009

Hundehode - tragedie eller komedie?

Dei ihuga lesarane i Selskapet hadde samling 19. mars på Lindås folkeboksamling. Denne gongen hadde alle starta på boka, dei fleste hadde lese ho ferdig og var sprekkeferdige etter å fortelje om si lesing av denne boka med utrulege historier, fargerike personar og eit innfløkt persongalleri. Ei i gruppa måtte til slutt sette seg ned og lage eit familietre for å halde orden på alle saman. For når eit barn blir kalla Flappøre og fetteren Eplehode og når dei litt lengjer ut i forteljinga får tilbake sine verkelege namn, ja då skal lesaren holde tunga rett i munnen!
Romanen startar i Bergen med Askild sitt mareritt frå krigens dagar, hundane som spring etter han over pløgde marker ein stad i Aust-Tyskland. Dette marerittet ligg som ein mørk skugge bak forteljinga om Askild som elskar Bjørk og som tener pengar på smugling og anna lureri. Askild blir teken av tyskarane når han prøver å selgja deira eige tømmer til dei. Han blir sendt til Tyskland til ein konsentrasjonsleir og prøver å komme derifrå, men det går svært gale og kameraten som rømmer saman med han vert skoten. Askild kjem tilbake til Bergen, men er merka av krigen og klarer ikkje å arbeide. Han får arbeid for han er jo "ein krigshelt", men han er gripen av kunsten og særleg kubismen og det går ikkje særleg godt i hop når han skal teikne båtar til skipsindustrien. Byggeleiaren skjønar ikkje dei kubistiske båtteikningene han produserer og når Askild søkjer trøyst i flaska vert det fleire oppbrot og flytting til nye stader.
Familien flytter etterkvart til Danmark, men tenkjer stadig på å flytte tilbake til Bergen - særleg Bjørk som heilt til siste slutt tenkjer på korleis livet hadde vore om ho hadde gifta seg med lækjaren Thor. Det er Asger sonen til Flappøre eller Nils som han eigentleg heiter, som er forteljaren. Asger er kunstnar, han har reist vekk for å komme laus frå familien for å skape seg sitt eige liv, men når Bjørk ligg og skal døy kjem han attende for å nøste opp alle trådane frå generasjonane før han.
Vi undra oss over korleis barna heilt og fullt eksisterte på foreldra sine premissar. Dei vart ikkje sett på som eigne individ, men som noko som skulle tilpassast foreldra eller dei vaksne sine forventningar. Vi minte kvarandre på underlege historier og vi lo godt då ein sa: "Korleis gjekk det eigentleg med gravferda til Askild? Vart oska hans strødd på fjorden?"
Kvifor ler vi av slike historier? Kvifor får vi lyst til å sitte og minne kvarandre om rare og rørande episodar? Denne forfattaren klarer å skape gjenkjenning, han forstørrar hendinga slik at ho på eit vis vert vanvittig, men samstundes veit vi at, jo dette kan ha skjedd.
Det tok si tid, dette møtet, men du og du så kjekt det var!

torsdag 19. februar 2009

Dersom ein ikkje veit, kan ein spørje!

Korleis finne ut kva som rører seg i den danske litteraturen utan å arbeide for mykje? Søkje på nettet, sjølvsagt! Men kva finn ein då? Det forlaga vil at du skal finne. Men danske venner og kjente vil hjelpa til med å kome til fram til dei bøkene folk verkeleg les og dei som er proffesjonelle vil gje deg godbitane. Den gode Kirsten leia meg fram til Litteratursiden.dk  og her spurde eg om hjelp til å finne aktuell samtidslitteratur som ikkje var for lang. - Etter Amos Oz har Selskapet meint at bøker på 5- 600 sider ikkje er noko for oss -. Søren på Litteratursiden.dk kom med desse forslaga:
Erling Jepsen: Kunsten å gråte i kor. Denne boka finnest og som film!
og 
Ida Jessen: Den der lyver På norsk heiter boka: Den som lyver.
Desse bøkene er omsette til norsk, så vil neste møte vise kva vi skal lese vidare.

onsdag 18. februar 2009

Kva veit vi om dansk litteratur?


Danmark er eit av våre kjære naboland som vi har ei lang og ikkje alltid like hjarteleg historie saman med, men Selskapet har spurd seg sjølv og tenkt på: kva veit vi eigentleg om dansk litteratur? Ja, vi veit jo om H.C. Andersen og .... Ja, vi nemner jo ikkje Holberg for han var jo bergensar. Men kva veit vi om samtida? Kva vert skriven og lest av dansk litteratur i dag? Dette veit vi fint lite om og difor skal vi lese danske forfattarar i 2009. For ikkje å bli heilt lausrivne frå det heimlege skal vi starte med
Morten Ramsland si bok Hundehode. Denne boka hentar handlinga si både frå Bergen og frå Danmark og er ei familiekrønike. Det er ei stund sidan boka kom ut så nokre har vel lest denne, men kanskje det er tid for ei ny gjennomlesing? På neste møte skal vi og finne fram til fleire danske bøker og forfattarar, det kan bli kjekt. Og neste møte ja det er 19. mars kl. 19 på Lindås folkeboksamling i Knarvik. Velmøtt!

onsdag 4. februar 2009

Eit vintereventyr, men eventyr?

Tittelen på boka gav oss nokre assosiasjonar, som dei frammøtte på Meland bibliotek hadde problem med å finne gjenklangar av i boka, då vi sette oss ned for å samtale om Eit vintereventyr.
Det er ei mørk forteljing Jan Roar Leikvoll har skrive, men det hadde allereie bokmeldingane fortald oss, så vi var vel førebudd. Boka er sett i eit ukjent geografisk landskap, staden er ein slags konsentrasjonsleir eller arbeidsleir og hovudpersonen som aldri får noko namn let verdiane sine dikterast av Hans. Då hovudpersonen tek ein liten gut ut av rekkjene av nye arbeidarar eller slavar, trudde vi alle at no skulle vi få sjå trekk av varme og omsut, men nei, handlinga han gjer er totalt egoistisk. Medan forteljinga skrei framover venta vi på det positive vendepunktet, no må han skjøna kor gale det er, kor feil veg det går, men, nei det makteslause onde heldt fram. Vi drøfta einskilde sider som vi syntes var problematiske, slik som:
Når ondskapen ikkje har nokon rammer, blir ondskapen meiningslaus.
Skjer det noko med hovudpersonen? Får han ny erkjenning? Når han oppdagar at Hans ikkje elskar han slik han vil, kva gjer han då? Får vi i det heile så mykje informasjon og innsikt i hovudpersonen at han blir interessant for oss?
Boka beskriver naturen omkring leiren noko som gjev eit lite pusterom, men det perverse, ondskapen og det håplause blir det ein sit igjen med. Fleire i gruppa sa at: Denne boka hadde eg ikkje lese og absolutt ikkje lese ferdig om det ikkje hadde vore for at vi skulle snakke om ho.
Medan andre sa at: Eg måtte lese vidare, det var ekkelt, men eg vart nysgjerrig.
Det er ikkje til å leggje skjul på at vi sakna å kunne snakke med forfattaren, men han bur jo her - så neste gong han er på butikken....

tirsdag 13. januar 2009

Det går ikkje alltid som vi ønskjer...

Til alle dei som hadde gledd seg til å høyre Jan Roar Leikvoll snakke om boka si Eit vintereventyr har eg ei sørgjeleg melding. Han har meldt avbod i dag og kan ikkje kome. Dette er leit, men ikkje noko å gjere med. Møtet om boka går likevel som planlagd og alle er framleis hjarteleg velkomne den 29. januar kl.19.00.