onsdag 25. mai 2011

Ursula - vår heltinne!

Er det sigøynarar i Sør-Amerika? Ja, det var eit av dei første spørsmåla Selskapet måtte ta føre seg då dei møttest. Vi fann ikkje noko svar på dette, men gjekk ut i frå at sigøynarar er eit vandrande folk og kvifor ikkje vandre i Sør-Amerika! Takka vere Wikipedia fekk vi eit oversyn over denne generasjonsromanen og det var heilt naudsynt, for det var fleire enn skrivaren som miste oversikta over fedrar, søner, døtrer, koner, tanter og elskarinner. Vi tok ei grundig gjennomgang av dei sju generasjonane som boka omhandlar, frå patriarken José Arcadio Buendia og kona hans Ursula, til Aureliano den tredje som til slutt vart fødd med grisehale og døyde på ein skrekkeleg måte. Romanen er overveldande lesing, full av dei villaste, vakraste og tristaste scener. Det er på mange måtar historia om Colombia og det er Garcia Márquez si kjærleikserklæring til landet og folket sitt. Han fekk Nobelprisen i litteratur i 1982 for mellom anna denne boka og den vert og omtala som ein av dei fem viktigaste romanane innanfor den spansk-amerikanske litteraturen.
Kvifor denne tittelen? Hundre års ensomhet. Vi snakka om dei einsame mennene, dei hadde mange i kring seg, men dei hadde dette einsame blikket. Ingen av mennene kjende særskild omsut for sine, men det gjorde kvinnene. Forfattaren hyller kvinnene, sjølv dei som er sterkt sjølvsentrert. Men det er Ursula som står både hans og Selskapet sine hjarte nærast. Ho er sterk, driftig og tek seg av alle som kjem innom døra, ei riktig husfrue. Dei av oss som har levd ei stund hugsar at husfrua var viktig, medan tenestejentene "ikkje var vatten verd".
Boka er så utruleg mangfaldig og fleire hadde "sine" høgdepunkt, m.a. Fernanda sin klagesong som går over fleire sider, fordi Aureliano den andre har ei elskarinne som han bur altfor mykje hos. Eller Remedias den vakre sin himmelfart og Ursula, enno ein gong, ho som heldt hemmeleg kvar ho hadde greve ned gullmyntene.
Selskapet var ganske samde om at denne boka kunne lesast mange gonger og vi ville finne noko nytt å hente fram, kvar gong!