torsdag 4. august 2011

Selskapet startar opp att!

Etter ein sommar vi alle kommer til å hugse skal vi langsamt vende tilbake til kvardagen. Selskapet har hatt ei lang pause og vonaleg har det saman med skrekkelege hendingar frå Oslo og Utøya og vore gode opplevingar! Den 15. september skal vi samlast att, denne gongen på Meland bibliotek og som vanleg kl.19.00. Vi vart samde om å lese Doris Lessing: Den gyldne notatbok og om ikkje andre hendingar har tatt leselysta heilt frå oss, så er dei fleste allereie i gong med denne. Er det nokon som har lyst til å vere med er det berre å ta kontakt med biblioteka i Lindås og Meland. Velkomne til alle!