onsdag 28. januar 2015

Den ukjente terrorist

Torsdag 29. januar 2015 kl.19.00 skal Selskapet samlast på Lindås bibliotek for å samsnakkast om boka Den ukjente terrorist av Richard Flanagan. I 2014 fekk han Man Booker-prisen for romanen The Narrow Road to the Deep North, som vert utgjeven på norsk våren 2015. Richard Flanagan er ein av Australia sin viktigaste forfattarar og skriv med dette kontinentet som bakgrunn. Han har og laga filmmanus.

Har Selskapet lese ei slik bok før? Den som vert med på samtalen får vite. Det er ope for alle! Velkomne!

tirsdag 27. januar 2015

Det handlar om integritet

Midt i desember før jula hadde slukt oss heilt, var Selskapet samla til kaffe, clementiner og oppglødd prat om Svik 1938 av Kjell Westö. Dette var ei bok alle likte og når det er slik, er det lett for at samtalen vert litt "slapp". Ikkje denne gongen for Svik 1938 er ei bok som engasjerar! Boka handlar om advokat Thune, ein mann frå den øvre middelklassa og sekretæren hans fru Mathilda Vik, ei dame med ein stor og tung sekk av skremelege minne frå fortida. Boka heiter Svik og vi begynte å rekne etter kor mange slags svik vi traff på i boka. Thune vert sviken av kona Gabi som gifter seg med ein barndomskammerat, barndomskammeraten svik Gabi ved å gå inn i eit forhold til fru Vik. Vi fann svik mot barn, misbruk av tillit, svik mot folket, svik mot jødene, nasjonalt svik, kjønnsdiskriminering, nevøen til Thune svik han - ja, det var mykje å trekke fram her.
Vi følgjer Mathilda Vik litt tilbake til tidleg ungdom under den finske borgerkrigen. Forledra tilhøyrer dei raude og alle som har hatt noko med dei raude å gjere vert sett i konsertasjonsleirar. Det er lite mat, men værst av alt er at Mathilda kvar natt vert oppsøkt av ein av offiserane og misbrukt av han. Broren hennar vert plassert på barneheim og det er tydeleg at han og vert utsett for misbruk. Mathilda har heile tida dårleg samvit og utveklar schisofreni, det er  Miljafrøken som kjem når det vert for mykje press og Miljafrøken foreslår dei villast ting ho kan gjere mot dei som har gjort henne vondt.
Thune har og slitt å slite med. Han sørgjer framleis over Gabi som forlet han og han ser at onsdagsklubben, som han har vore med i sidan gutedagane, deler seg ideologisk etter kvart som nazismen bryt fram. Thune er libral og skriv eit avisinnlegg som fører til angrep både verbalt og fysisk. Det er ei tid for å velgje side og det er ikkje enkelt for ein mann som Thune.
Selskapet diskuterte livleg kven som var skurken som hadde valdteken fru Vik, (det var fleire som ikkje hadde oppdaga det) kva som var høgdepunktet i boka og kva som gjorde mest inntrykk, her hadde dei fleste sine favorittar - sjølv om episoden på idrettsbana var skakande lesing.
 Vi vart samde om at denne boka hadde eit flott språk, lett å lese og samstundes så mykje å tenkje på.