søndag 9. desember 2018

Og atter skal vi samlast, men ikkje før i 2019

Det er framleis desember og 2018, men eit nytt år er rett rundt hjørnet og Selskapet har tenkt at det er eit liv etter jul og, så vi skal samlast torsdag 10. januar 2019 kl.19.00 på Strilabiblioteket, Frekhaug.
Då skal vi samsnakkast om Jan Grue si bok: Jeg lever et liv som ligner deres. 
Dette er ikkje ein roman, men ei kort lita bok om Jan Grue sitt liv. Dette vert eit nytt kapittel i Selskapet si historie og vi ønsker alle velkomne til å delta.
Har du ikkje vore med før, så ta kontakt med Strilabiblioteket og få meir informasjon.

torsdag 29. november 2018

Gjenkjenning i det eksotiske

Selskapet var samla til det som var siste møte før desember og jula tek oss. Vi hadde lese Fargeløse Tsukuru Tazaki og hans pilgrimsår av Haruki Murakami. Det var fleire som tidlegare hadde lese andre bøker av Murakami og dei var ganske delte i begeistringa for eller motstanden mot bøkene hans. Mottakinga av Fargeløse Tsukuru var på same måten, nokre veldig begeistra, medan andre ikke likte boka i det heile.
Boka handlar om Tsukuru og dei fire vennene hans. Dei er skulekammerater og gjer alt mogeleg saman. Når dei er ferdige på vidaregåande, reiser Tsukuru til Tokyo for å studere, medan dei andre er tilbake på heimstaden og tar utdanninga si der. Tsukuru gler seg alltid til å kome heim og treffe vennene sine, men ein dag han er heime på besøk får han vite at dei ikkje vil ha noko å gjere med han lenger. Han prøver å ringe dei, men ingen vil snakke med han og svarar unvikande når han spør. Til slutt er det ein av dei som seier: Det veit du vel sjølv. Tsukuru skjøner ingenting, han vert djupt deprimert og reiser attende til Tokyo. Han heldt på å døy av svolt, men når han er heilt nær stupet er det likevel livsmotet som får han til å snu og så smått begynne å leve igjen. Det går seksten år, han er utdanna arkitekt med jernbanestasjonar som sitt spesialfelt. Han møter Sara og begynner å gå ut med henne. Ho oppdager at han har ei sorg i seg som stenger for å få verkeleg djupe relasjonar til andre. Han fortel henne historia om dei fire vennene og ho oppmuntrar han til å ta kontakt med dei igjen for å oppklare kva som eigentleg lå bak denne avvisinga. Tsukuru legg ut på denne reisa.
Selskapet var samde i at sjølv om Japan ligg langt unna oss, så kunne vi kjenne oss att i kjensla av å bli utestengd, einsemda og at nokon veit noko om oss som dei ikkje vil si. Dei fire vennene var kanskje ikkje så godt kjende likevel, av di dei snakka om ting som hende og ikkje så mykje om kjenslene sine. Tsukuru snakkar om seg sjølv som eit tomt kar, ein som må fyllast av andre. Namna til vennene tyder fargar Raud, Blå, Kvit og Svart, medan Tsukuru sitt namn tyder Han som lager. Han viser stor viljestyrke når han gjennomfører studiane sine, trass denne knekken han får og kanskje veks han på dette? Når han gjennom reisa treff att vennene sine, ser han at dei har fortrengd mykje og ikkje har vore ærlege korkje med han eller seg sjølve. Vi snakka om Tsukuru og familien hans, dei var velståande, faren hadde store draumar for han, men Tsukuru gjekk ein annan veg enn faren hadde tenkt og kontakten vart ikkje den same før faren døyr. Han har lite kontakt med resten av familien sin, slik at vennene vart familie - og da er det lettare å tenke seg kor grusomt ei avvising kunne opplevast.
Tsukuru gjer so Sara rådar han og dreg ut på reise for å treffe vennene sin og stille dei vanskelege spørsmåla. Vi synest han var modig, men kanskje er det slik at distanse ikkje betyr noko når ein verkeleg vil ha svar?
Endra vi syn på romanen av Murakami? Trur ikkje det, men vi likte å snakke om Tsukuru. Det er framleis ting vi ikkje skjønar og hendingar vi gjerne skulle vite meir om, kanskje ddet dukkar opp noko når vi får tenkt litt meir på boka?

fredag 12. oktober 2018

Novembermøte


Novemberboka vert denne gongen Haruki Murakami sin roman Fargeløse Tsukuru Tazaki og hans pilegrimsår.
Det vert spannande å snakke saman om denne boka, for det er slik med Murakami sin forfattarskap, det er anten hat eller elsk, korleis blir det den 15. november  kl 19.00 på Strilabiblioteket i Knarvik?
Fleire som elskar? Eller....

Har du lyst til å vere med å samtale om denne boka eller andre bøker vi tek føre oss? Ta kontakt med biblioteket på Frekhaug eller i Knarvik så får du informasjon.
Velkommen!

mandag 8. oktober 2018

Makt over eige liv, kven har det?

Selskapet møttes og snakka om Jenny Erpenbeck si bok "Går, gikk, har gått". Ei bok om flyktningar, livet i Berlin, pensjonisten Richard og nokre av vennene hans.
 Boka handlar om Richard, enkjemann og pensjonert professor som prøver å finne et innhald i livet sitt etter at kona døde og arbeidslivet er over. Han bur i Berlin og på ein av hans daglege spaserturar oppdagar han at nokre unge afrikanarar har slått leir utanfor rådhuset med ein plakat som seier "Vi blir synlege". Dei er asylantar og venter på at søknadene deira skal verte handsama. Myndigheitene ønskjer ikkje å ha en teltleir utan for rådhuset og det blir oppretta ein avtale, Oranienplatz-avtalen. Richard kjem i kontakt med nokre av desse mennene og vi får høyre om livet deira både i Berlin og om korleis de levde i heimlanda sine. Richard oppdagar kva Dublin II avtalen eigentleg betyr og han trår til og prøver å hjelpe dei i den tyske byråkratiske jungelen. Han oppdagar også at menneske vert  flytta hit og dit og at dei sjølve ikkje har styring med liva sine. Han spør dei kva de ønskjer seg av livet og alle vil ha arbeid, kjenne seg trygge og byggje opp att livet sitt. Richard kjenner seg igjen i forteljingane deira av di han vaks opp i Aust-Berlin og opplevde at hans fortid og historie på ein måte vart utradert i det muren fall og alle tyskarar igjen skulle være brør. Denne erfaringa gjer at han er nyfiken verkeleg ønskjer å hjelpe.

Selskapet var litt delte i synet på denne boka, nokre syntes dei måtte slite litt for å komme inn i forteljinga, medan andre var inne i boka med ein gong. Vi vart straks interessert i Richard, for kven var han eigentleg og kva var det som gjorde at han viste ei slik interesse for flyktningane? Han bur ved ein vakker innsjø, men sidan ein mann har drukna der er det ingen som vil bade der lenger, er det redsla for den daude som stansar dei? Eller er det Richard sine tankar om at hans liv går inn i den siste fasen? 
Selskapet tok og ein runde med synet på byråkratiet sine føremoner og ulemper. Byråkrati er bra av di det sikrar lik handsaming av søknader, men eit firkanta og stivbeint byråkrati er vanskeleg å forhalde seg til. 
Det var vanskeleg å finne eit særskilt høgdepunkt i boka, men vi var samde om at det var ei fin stemning i romanen. Måten boka vart fortald på gjorde at det var ei glede å lese ho. Det svake ved romanen var slutten, den var ikkje heilt truverdig. Når vi har sagt det så var Selskapet svært nøgd med denne boka og sidan vi no har vorte kjend med Jenny Erpenbeck så kanskje les vi fleire bøker av henne? Følgj med!

fredag 14. september 2018

Oktober og nytt møte i Selskapet

Oktoberboka i Selskapet er den tyske forfattaren Jenny Erpenbeck si bok Går, gikk, har gått. Boka har vore på langlista til Man Booker-prisen og er elles bejubla i ulike bokfora.

Grunna haustferie og andre kollisjonar skal vi samtale om denne romanen ONSDAG 3. oktober kl.19.00 på Strilabiblioteket, Frekhaug

Altså ny dag og noko kortare tid til å lese boka.

Velkommen!

torsdag 13. september 2018

Ho burde stikke føtene i jorda

Ja, slike ord vart det sagt då Selskapet var samla etter ein lang sommarferie. Vi snakka om Madame Bovary, klassikaren skriven av Gustave Flaubert. Det var fleire i selskapet som hadde irritert seg grenselaust over den gode madammen Emma, med sine høgtflygande tanker om kor lukkeleg ho fortente å vere, kor mange kle ho trengte, kor mykje ho fortente å bli elska og bore på hendene.
Vi prøvde etter kvart å bli meir edruelege i omtalen av boka, men det var ikkje lett!
Madame Bovary var gjennombrotsromanen til Gustave Flaubert. Boka vart gjeven ut i 1857 og var sjokkerande lesnad på denne tida.
Boka handlar om Charles Bovary ein ganske tafatt mann som vert overtala av mor si til å studere til lege. Han krekar seg gjennom studietida, han får arbeid som lege i ein liten landsby og mor hans får han gift med ei eldre dame som døyr ikke så lenge etter. På eit sjukebesøk møter Charles dottera til pasienten og han vert straks forelska i denne vedunderlege skapnaden Emma. Charles oppvartar ho og sidan hennar referansepunkt er romatiske romanar og høgtflygande draumar om kjærleik og rikdom ser ho Charles som ein veg ut av livet ho no lever. Dei gifter seg, flytter til huset til Charles. Han heldt fram med sitt arbeid, medan Emma vert sittande heime på stas. Ho forelsker seg i Leon, ein kontorist, men han er sjenert og ho er meir forelska i forelskinga og etter ei stund reiser han til ein større by i nærleiken. Emma blir gravid og føder ei lita dotter. Dottera vert plassert hos ei amme og vi høyrer lite om henne, for Emma viser lite omtanke for den nyfødde dottera si. Emma vert på ny forelska i Rudolphe. Ho går på hemmelege møter, kjøper dyre gåver til elskaren og planlegg å rømme med han. I siste augneblinken trekkjer Rudolphe seg og Emma må halde fram med det innhaldslause livet sitt. Ho vert sjuk, Charles vert fortvila og vil berre vere heime og pleie henne, men rekningar må betalast og andre folk er og sjuke. Etterkvart vert ho betre og Charles tek henne med til teateret der ho på ny treff Leon. Dei begynner igjen å treffe kvar andre. Dei leiger seg inn på eit hotell, kjøper dyr mat og Emma skriver på det eine gjeldsbrevet etter det andre. Leon synest etter ei stund at kjærleiken til Emma vert kvelande og Emma får meir og meir gjeld som må betalast tilbake, til slutt tar ho eit drastisk grep.
Selskapet var samde i at romanen er dramatisk og tragisk. Vi undra oss litt over Flaubert som skriv så "nøytralt" om personane sine, det er liksom inga kjensler for nokon av dei. Vi oppfatta Charles som ein ganske tafatt mann, han var nøgd når Emma var nøgd og let elles tinga skure og gå. Som ei i Selskapet sa: "Vi ventar ikkje at ein mann i 1850 skulle skjøna noko som helst" . Emma reflekterer lite over livet sitt og seg sjølv, ho tenkjer ikkje på at ho kan endre seg og tenkje meir på andre. Romanen var viktig då den kom ut, vi fekk til og med eit nytt omgrep bovarisme.
Emma øydelegg økonomien i familien, ho kjøper ting på avbetaling/ ved gjeldsbrev og prøver på denne måten å kjenne seg lukkeleg, men kjøpt lukke varer veldig kort. Selskapet såg for seg alle TV-program vi har sett om gjeldsslavar og personar som opptrer i Luksusfellen  dette hadde vore noko for Emma!
Har Madame Bovary noko å seie oss idag? Å reflektere over eige liv, kan vere ein god ting å gjere sånn ein gong i blant...

mandag 6. august 2018

Hausten er snart her! Nytt møte i Selskapet:

I sommar les Selskapet Gustave Flaubert: Madame Bovary. Ei av dei store klasikarane og ei bok som krev sin lesar. Vi skal samsnakkast om romanen på Strilabiblioteket, Frekhaug den 30. august kl.19.00. Har du lyst til å vere med på dette? Ta kontakt med biblioteket slik at du og kan lese og delta i diskusjonen.

onsdag 11. juli 2018

Kven er Gullfisken?


Selskapet var samle til siste møte før sommarferien og brukte litt tid til å samsnakka om teaterframsyninga av Jon Fosse sin Trilogi før dei gjekk laus på boka for kvelden.

Gullfisken er skriven av nobelrpisvinnaren Jean-Marie Gustave LeClézio. Romanen startar i Marocco og handlar om  ei jente på seks år som blir kidnappa frå gata der ho bur. Ho hugsar ikkje anna enn at ho vert putta i ein mørk sekk og fjerna frå heim og familie. Ho vert seld til ei eldre, streng dame ved namn Lalla Asma. Ho lærer seg å arbeide i huset, gjere innkjøp og vaske, men Lalla Asma lærer henne og å lese og skrive. Dette er til stor hjelp for henne seinare. Lalla døyr og svigerdottera Zohra ”arver” Laila. Her må ho arbeide, får ikkje gå ut og sonen til Lalla prøver å utnytte ho seksuelt. Laila rømmer og finn ein heim hos Madame Jamila og ”prisessene”. Laila får eit nært forhold til fleire av jentene til Madame. Zohra har sendt politiet etter Laila, ho vert oppdaga og sendt tilbake til henne og huset der Madame og prinsessene budde vert stengt. Laila rømmer igjen og treff att ei av prinsessene Houria, dei bestemmer seg for å reise til Paris og samler saman mykje pengar for å betale dei som kan få dei over til Spania og vidare. Dei kjem til Paris og Laila er fasinert av byen, men oppdagar at det er mange folk der og som vil ha noko av henne. Ho vert kjend med mange, men ho klarer ikkje å knyte seg til nokon. Ho møter Hakim og bestefar hans frå Senegal. Hakim hjelper henne med å førebu seg til eksamen og bestefaren fortel henne om barnebarnet sitt som døyde og om den vakre og mektige elva Senegal. Når bestefaren døyr får Laila eit brev frå Hakim med passet til barnebarnet og Laila har plutseleg eit papir og eit namn som fortel noko om henne. Laila er heile tida på farten, ho klarer ikkje slå seg til ro og sjølv om ho får vener som er viktige for henne, er ikkje det nok.

Selskapet meinte at boka hadde eit nydeleg språk, det var verkeleg ei glede å lese henne. Ei av deltakrane fekk assosiasjonar til ”Sinbad Sjøfararen”. Hovudpersonen var stadig på reise, etablerer seg, bryt opp, reiser vidare. Det var tøft å lese om kidnappinga og alle personane med sterk seksualdrift som vart trekte mot Laila og som ho må verne seg mot. Det var blant dei fattigaste av dei fattige ho vart teken vare på, dei andre utnytta henne. Ho måtte vere sterk som ikkje gjekk til grunne! Ho møtte folk undervegs som ville hjelpe, men ho fann inga ro. Kanskje var det di for ho vende tilbake til fødestaden for å søkje opphavet og gjennom det finne tryggleik? Det vart ein del diskusjon rundt dette: Kvifor reiste ho tilbake?
Laila var tydelegvis ei vakker jente. Har tittelen noko med dette å gjere? Laila var synleg overalt, ho var på utstilling og kunne ikkje gøyme seg, og alle ville ha ein del av ho. Eller kan hende har titelen noko å gjere med at handlingsrommet til Laila var så lite? 
Selskapet meinte at den første delen var den beste, men at det vart litt mykje opptatt taking i andre delen. Når det er sagt var det mange høgdepunkt i romanen, så da kan den sikkert lesast av fleire…


-->

onsdag 9. mai 2018

Kjærleiken trass alt...

Teatersjefen frå Hordaland teater Solrun Toft Iversen var på besøk på Strilabiblioteket, Frekhaug for å presentere skodespelet Andvake som har premiere under Festspela i Bergen 2018. Toft Iversen er utdanna dramaturg og glødande oppteken av Jon Fosse og arbeida hans. Andvake er eit skodespel sett saman av dei tre bøkene Andvake, Olavs draumar og Kveldsvævd. Selskapet hadde naturlegvis lagt møtet sitt til denne kvelden og vi fekk ein interessant gjennomgang av bøkene og noko av intensjonen bak oppsettinga.
I Fosse sine skodespel og i bøkene hans er det den indre handlinga som er det vikitgaste. Replikkane er trivielle og ofte gjentakande.
Vi møter Alida og Asle i Andvake, dei er 17 år og leitar etter eit husvere i Bjørgvin. Toft Iversesn gjorde oss merksame på at denne sekvensen har element frå innleiinga til Lukas evangeliet (Luk 2:4-6). dei er på utsida av samfunnet, dei har mista foreldra sine og må klare seg sjølv. Asle drepe fleire personar og ein kan spørje seg om det finnest situasjonar som er lyft over moral?
 I Olavs draumar møter vi Olav/Asle og Åsta/Alida som har flytta frå Bjørgvin og tatt andre namn grunna handlingane til Asle. Han vil reise til byen for å kjøpe ringar til dei, men Alida kjenner ei frykt i seg - dette kjem ikkje til å gå bra. Heile denne delen er som ein draum, ei tilstand mellom å vere vaken og sove. Største delen i handlinga går føre seg i hovudet til Asle. det er ikkje ei forteljerstemme her, men ho flytter seg frå person til person og hending til hending. Gjennom alt som hender er det viktigaste kjærleiken til Alida, det er ho som får han til å sveve.
Det er Ales som fortel i den siste boka Kveldsvævd. Her får vi ei ny stemme, dottera til Alida som ho får med Åsleik. Alida er daud for mange år sidan, men ho går att på kjøkenet.  Vi møter Ales i den siste delen av hennar liv, ho fortel om livet til Alida etter at Asle vart hengd og Åsleik tok ho til seg, først som taus og så som kone. Ales lengtar etter kjærleiken frå mora, men ho er ikkje tilgjengeleg for andre enn Asle og til sist går ho på havet for å vere med han.
Det er ei stor og mektig forteljing som har mange dimensjonar i teksten og i forståinga av det som seiest og ikkje minst det som ikkje vert sagt.

Selskapet vart litt sett ut av denne talestraumen, slik at det vart ikkje nokon samtale i etterkant, men for dei som skal sjå teateroppsettinga var det ei god innføring. Dei som ikkje hadde lese boka gjekk heim med dei beste intensjonane om å gjere det.

Illustrasjonen over er lånt frå Hordaland teater og laga av  Heidi Fjell og Torkil Sandsund. 

mandag 16. april 2018

Møte i april

Det er igjen tid for at Selskapet skal samlast og samsnakkast om bøkene i Trilogien til Jon Fosse. Møtet vert onsdag 25. april kl.19.00 på Strilabiblioteket, Frekhaug.

Denne gongen kjem teatersjef Solrun Toft Iversen til ein førprat om forfattarskapen til Jon Fosse og til opplesing av utdrag frå Andvake.
Grunnen til dette er at den 23. mai er det verdspremiere på Andvake på Hordaland Teater og stykket skal spelast under Festspela i Bergen. Framsyninga byggjer på Trilogien, desse bøkene fekk Jon Fosse Nordisk råds litterturpris for i 2015.

Velkomne til eit spennande møte!

onsdag 21. mars 2018

Det kan bli gode vesker av gamle krokodiller...

Oftast les Selskapet bøker som ein ikkje hadde vald sjølv eller bøker som er meir eller mindre krevjande. Nokon av dei meir krevjande bøkene set deltakarane på prøve både når det gjeld å halde ut og forstå; kva vi las no. Denne gongen var boka av den meir lite krevjande kategorien, kanskje litt vel lite etter nokon si meining og det fekk nokon til å fyre av litt ekstra.  For det er grenser for kva ein skal bruke tida si til...
Jau, men her er vi heldigvis ulike. Nokon hadde mora seg over både hovudperson og andre personar, alt kva forfattaren har kome opp med av hendingar og underlege samantreff. Medan andre hadde irritert seg gjennom boka og uten det kjende gruppepresset aldri hadde lese heile.
Boka handlar om Josephine eller Jo som lever i si eiga heimeboble "alt for mann og barn". Sjølv om ho er forskar i middelalderlitteratur, har ho null sjølvtillit og det er berre den gode og for oss noko mystiske vennina Shirley som har tru på at her fins det meir enn berre ei grå overflate.  Andre personar er: mannen hennar Antonio og dei to jentene deira Hortense og Zoe, søstera Iris, mannen hennar Philippe og sonen, mora til Jo og Irene Madame Mor og ikkje minst mannen hennar Marcel (Chef) og elskarinna hans. Antonio er arbeidsledig og har eit forhold til ein frisør, dette har vore tydeleg for alle men ikkje Jo som lever for familien sin, sett alle andre først og tenkjer absolutt ikkje på seg sjølv. Ho er den som tener pengar til det daglege brød. Når det endeleg går opp for Jo at Antonio bedrar henne, kaster ho han  ut og han flyttar med elskarinna til Kenya for å drive krokodilleoppdrett. Iris har gifta seg med den vakre og velståande advokaten Phillipe og har alt det ein  kan kjøpe for pengar, men ho synest livet er keisamt. I eit middagsselskap fortell ho til en forleggjar at hun skriv på  ein roman om 1100-tallet. Han vert veldig interessert og ber henne vise han eit utkast. Iris prøver å komme seg ut av dette, men bordet fangar og ho overtaler Jo til å skrive romanen og få pengane, medan ho, Iris, skal ta seg av marknadsføringa og være boka  sitt ansikt. Jo treng pengane desperat og går med på dette.  Døtrene til Jo saknar far sin og Hortense lar alt raseriet over at han ikkje lenger er der, over at de har dårleg råd, at mora ikkje bryr seg om korleis ho ser ut og ikkje minst at de bur i en forstad til Paris og ikkje i byen, gå utover mora. Hun meiner Jo bør vere snillare mot både Madame Mor og søstera Iris, men sjølv for Jo er det grenser for kor mykje ho skal lete seg trakke på. Antonio tek kontakt med familien, han har teke opp eit stort lån som Jo i si tankeløyse har skreve under på og som dei no begge er ansvarlege for. Han får ikkje løn frå den kinesiske samarbeidspartnaren og det er dirfor Jo som må sørgje for å betale tilbake  lånet. Jo går på biblioteket for å få ro til å arbeide og der treff ho Luca. Han er vakker, mørk og mystisk og Jo blir forelska. Jo oppdagar kor opplivande det er at nokon ser ho som kvinne og ikkje berre som eit inventar. Marcel, Madame Mor sin ektemann og stefar til Jo og Iris ønskjer seg mest av alt eit barn, men det vil ikkje Madame Mor. Han søkjer trøyst hos sekretæren, men ho vil ikkje berre være en leverandør av eit barn og krev at Marcel frigjør seg frå kona. Det er mye som står på spel både for den eine og den andre i denne romanen.

Selskapet fann ut at her er det mange grådige personar: Antonio, elskarinna hans, søstera Iris, Hortense, Madame Mor og Marcel. Forfattaren skriv godt og vi vert med på den elleville ferda. Samstundes vert det for grunne personskildringar og det er berre hovudpersonen som kjem fram, medan dei andre vert figurar. Hovudpersonen har fleire fortrengte hendingar frå barndommen som ho etterkvart hugsar og dette er med til at ho vaknar opp og hevdar sin plass meir og meir. 
Nokon i Selskapet skal lese både bok nr. 2 og 3 om Jo og hennar opplevingar, medan andre skal snarast råd legge denne hendinga bak seg.  Det er dette som er interessant med ei litteraturgruppe - vi er ulike lesarar, bøker verkar ulikt på oss men det må vere rom for alle stemmer, både dei som jublar og dei som grin på nasen.
 

torsdag 15. mars 2018

Mars-møte i Selskapet

Boka vi skal snakke om torsdag 15. mars kl.19.00 på Strilabiblioteket i Knarvik er Katherine Pancol si bok Krokodillens gule øyne. Kva vil kome ut av dette? Kom og ver med på samtalen! Har du ikkje lese boka? Kanskje du får lyst til å lese ho etterpå? Velkommen!

mandag 5. februar 2018

Svigerfar sin kjærleikshistorie

Selskapet var endeleg samla etter jul ,med nye og gamle deltakarar! Ja, det kjem faktisk nye folk inn i Selskapet, så om nokon kjenner ei ørlita lyst til å vere med så slå til!
Denne kvelden var det Anna Gavalda si bok: Eg elska ho, som stod på programmet og alle (!) hadde lese ho med meir eller mindre glede.
Romanen handlar om Cloé og svigerfaren Pierre og deira samtale om livet, kjærleiken og ekteskap. Cloé opplever at ektemannen Adrien går fra ho og dei to døtrene dei har saman. Dette kjem som lyn frå klår himmel og ho er fortvila og gret i stie straumar. Pierre tek dei med seg til sommarhuset familien har og lagar mat til dei og prøver å sette mot i Cloé. Dei har god kontakt og er svært opne med kvarandre. Pierre fortel om si kjærleikshistorie, ikkje om ho han er gift med, men historia om Mathilde og deira møte. Han snakkar om korleis ho fekk han til å kjenne seg, kjenne glede over livet og det dei hadde saman. Han valde å bli med kona og barna, men var det det rette valet? Cloé og Pierre snakkar saman ein lang kveld og ho utfordrar han på same måte som han utfordrar henne til å våge ein ny start utan Adrien.
Romanen er eit kammerspel mellom dei to. Vi får nesten ikkje høyre om korleis miljøet er rundt dei, barna er nesten fråverande og slik som framsida på boka viser er det ganske nakent mellom dei to stolane.
Selskapet undra seg over kor ulike vi menneska er. Nokre er tause og lukka, andre snakkar om alt. Kva er rett, å hoppe ut or ekteskapet om ein vert forelska eller bli i det trygge? Angra Pierre på valet sitt? Han vart ein sur gammal gubbe då Mathilde forsavnn frå livet hans. Han var ikkje ein snill mann mot kone og barn. Sjølv om kona fekk vite om forhaldet til Mathilde, ville ho halde fram ekteskapet for å halde på fasaden, men var det rett? Pierre verka på oss som ein usikker type, han klarer ikkje å bestemme seg for kva han vil. Veit han kor mykje han elskar Mathilde?
Vi snakka om Cloé som er så sint, men som bruker dette som terapi. Ho er langt i frå "tapt bak ei vogn" men underkjenner kven ho er og fell inn i gamle mønstre. Er det slik damer er? undra Selskapet. Høgdepunktet i romanen, fann vi ut, kjem på slutten, der dei hentar fram motet til å ta eit oppgjør med seg sjølv. "Å vere lukkeleg er inga rett".
Vi fann eigentleg inga svake parti, men vi skulle ønskje at boka var litt lenger for her var mykje overlate til fantasien.
Vi var imponert over Gavalda som skildrer ein mann på denne måten, det er bra gjort. Ho vart sjølv skild og brukar si eiga historie som bakgrunn for denne.
Dette er ei perle av ei bok, vi kan lese meir av denne forfattaren.

onsdag 3. januar 2018

2018 og nye møte i Nordhordland Litterære Selskap

Vi startar nyåret med å lese fransk litteratur. Franske forfattarar omsett til norsk, kva kjenner vi til her? Vi har sjølvsagt høyrt om og kanskje lese (?) dei store klassikarane, men vi har og nye som har fått mange lesarar og kanskje finn vi nokre som vi knapt har høyrt om før... følg med!
Første kvinne ut er Anna Gavalda med romanen Eg elska ho, utgitt i 2002. Møtet er på Strilabiblioteket på Frekhaug torsdag 25. januar kl.19.00
Neste bok vert Kathrine Pancol: Krokodillens gule øyne. Då er møtet torsdag 15. mars kl.19.00

Etter dette har vi ikkje bestemt kva vi skal lese, men møtedatoane er:
26. april og 7. juni
Møtestad vert kunngjort seinare.

Etter 7. juni vert det sommarferie fram til slutten av august.

Har du lyst til å vere med? Ta kontakt med personalet i Strilabiblioteket for nærare informasjon! Velkomne!